Det var artig

og det er med dette bestemt at eg må få kloa i ein slik GS450h...
Først litt snacks og kikking på ein lekker kvit IS-F. Dei starta den og rusa litt - godlyd, men ingen kjøring.
Så var det introduksjon og litt foredrag om hybridteknologi. Ikkje så mykje nytt for oss som er litt teknisk interessert.
Etterpå var vi delt inn i to grupper der den eine starta med prøvekjøring og den andre tok litt mat og prata med Lexus-folk. Dei var mannsterke og hadde besøk frå Tromsø og Trondheim (kanskje Bergen og?)
Dei hadde 14 bilar til disposisjon, flest IS og RX, og to kvar av GS450 og LS600. Alle som ville fekk kjøre omtrent 10 minutt i kvar bil (frå Losby, fram til den litt større vegen og tilbake for den som er kjent)
Køyrde først IS250 aut sport. Veldig snasen, ligg som støpt. Litt hjulstøy (18" trur eg). Ikkje plagsamt, men nok til at eg la merke til det.
Så stod GS450h for tur. Stille. Start. Stille. Sakte rundt rundkjøringa. Stille. Middels gass ned bakken, litt svak snerring frå motoren. Brems før kryss, og maks gass opp bakken. Huhei, bakketoppen kom ganske fort. Ein del ganske krappe svingar langs vegen, men bilen ligg overraskande bra. Hadde trudd at denne var meir slapp og komfortorientert, men den var ganske sportsleg satt opp og generelt skikkeleg digg.
Neste var RX400h. Høg, mjuk, mykje meir motorlyd enn i dei andre. Kjapt inn mot sving? Nei, ingen god ide. I dette selskapet blir den oddemann.
Så til IS220d. Bortsett fra litt lyd når ein står utanfor bilen (merkar lite inne) var dette eit positivt bekjentskap. Må gire sjølv, var litt uvant i starten, men girkassa var fin, og handa trivdes godt på spaken. Likevel, diesel er nok best med automat og denne ga ikkje den same raffinerte opplevinga som 250.
Så sjefsbilen, LS600h. Stor i forhold til dei andre, og avstandsradaren peip og blinka fælt når ein snirkla seg forbi dei andre parkerte. Hadde lite lyst til å bulke denne

Bilen er tung, men 445 gamp hjelper veldig godt. Det var ingen fartsstrekker på ruta, men det verka som om motor, elmotor og girkasse hadde best samhandling på denne. GSen var litt ubestemt ved ein anledning, men LSen berre mata på med kraft. Men så er det å stoppe og svinge da - litt for mykje masse på denne. Men du verden så komfortabel. Prøvde ikkje baksetet men dei som gjorde det var godt nøgde.
Tok til slutt ein ny runde med GS450h for å avslutte kvelden på ein perfekt måte.
Mi personlege ønskeliste:
1. GS450h - nesten alt stemmer her
2. IS250 - gull, men manglar oompf i forhold til GS
3. IS220 - litt mindre raffinert enn 250.
4. RX400h - praktisk og kjapp nok, men mindre kjørevillig enn dei andre
5. LS600h - kongebil, men eg er nok 20 år for ung
Til slutt var det buffet og foredrag med Harald Osa, men eg prioriterte å kjøre bil
Fekk og ein liten goodiebag med Voss-vatn, golfballar, penn, mints og info-materiell med Lexus-logo.
Bra tiltak av Lexus/Toyota.